spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
spacer.png, 0 kB
Heim
Velkomen til fotoarkivet B91

3. september 2006: 

fotoarkivet.b91.no er eit arkiv med foto frå Stord, Fitjar og Bømlo. Arkivet vart oppretta i august 2006. Dei tidlegaste bileta er frå hausten 2005. Nye bilete vert tilførde med jamne mellomrom.

Målet er ei nettside med varierte tema frå dei tre kommunane, men med hovudvekt på kultur og næringsliv. Nettsida vert driven av ein person, og det er difor avgrensa kor dekkande arkivet kan vera for alt det som skjer i kommunane.

fotoarkivet.b91 er takksam for tips om hendingar, personar og ting som er av interesse for eit slikt arkiv.

 
Vegvisar

Du finn fram til arkivet ved å klikka på fotoarkivet.B91 i den grå tekstlina øvst.

Då kjem det fram namn på kommunane Stord, Bømlo og Fitjar, pluss Prosjekt. I tillegg er det ei rekkje tema. Dersom du klikkar på tema, kjem det opp berre blanke sider. Du må difor klikka på eit av kommunenamna, eller på Prosjekt.

No kjem det opp ulike tema med eitt foto til kvart. Finn det temaet du er interessert i, og klikk på fotoet. Det kjem fram eit album med fleire sider. No kan du klikka på enkeltfoto for å gjera dei større, og gå fram og attende i albumet ved å trykkja på dei små trekantane til høgre over bileta.

Ved å klikka på sidenummer nede til høgre får du raskt oversyn over heile albumet. Du avsluttar med å trykka på Heim oppe til venstre.

 
Sist innlagde foto
Sist innlagde foto vert alltid viste nederst på fotoarkivet.b91 31. juli: Moster nye skule, Bømlo. Foto frå Eldøyane (Industri og Diverse). Seks nye foto frå førebuingane til 'Miss Saigon'. 26. juli: 17 foto frå amatørutstilling på Bømlo. 24. juli: Åtte nye rustfoto, Stord. 24: juli: Geiterams i utmark, Stord. 22. juli: Diverse foto av kranskipet 'Saipem'. 22. juli: 49 foto frå sommarrevyen 09 på Leirvik. 15. juli: 40 foto frå førebuingane til «Miss Saigon» på Moster: Bømlo > Musikk og scene > Teater. 15. juli: 17 nye rustfoto frå Stord: Rust > Stord. 7. juli: 12 nye rustfoto frå Stord: Rust > Stord. 7. juli: 15 foto med motiv frå veteranskipet «Stord I»: Stord > Museum. 7. juli: 9 foto frå båtfesten «Før – no»: Stord > Annan kultur > Annan kultur. 7. juli: 13 nye motiv frå Stord: > Diverse.
 
spacer.png, 0 kB